Heim | Junior / Kontakt | Bilete


 

 

Historie

    Litt historie om okkå:

Kven :

Det var nok mange i Valle som hadde gått med ein liten radiomann i magen.  Me lika jo godt når Sigmund Skomedal kom oppigjennom dalen.  Han var jo okkås radiomann nr 1.  Hallvard Kjelleberg hadde nok ein temmeleg stor radiomann i magen.  Alt på starten av 80 tallet var det på tale gjennom  musikkorpset å starte radio.  Dette gjekk i stå, så mot slutten av 90 tallet  sette  kommunen ned ei gruppe som jobba med eit nytt Radio Valle.

 I 1996 sette Valle Kommune ned ei gruppe som skulle prøve å få starte lokalradio i Valle. Denne gruppa besto av Leonard Jansen, Theis Salvesen, Leif Kvinlog, Torleiv Soltun og Hallvard Kjelleberg. I mai 1997 hadde Valle Radio si første prøvesending. Med god hjelp frå Bykle Radio så fungera dette tilfredstillande. Me er ei under/frittståande avdeling under Bykle Radio som har konsesjon. Redaktøren i Bykle Radio er også redaktør for Valle Radio....

Me fekk lokale i det gamle kommunehuset, i toppetasjen. Det var ikkje mange kvadratan me hadde her, men me var veldig stolte over okkås nye lokalradio, som kommunen vår hadde spytta inn bortimot kr 300 000.- til utstyr og sendera..

Men etterkvart vart me større og lokalet fungera ikkje godt nok lenger. Nytt tun var under bygging, og der fekk me loftsetasjen i det eine bygget. Her fekk me til ein grei avtale med kommunen, og radiogjengen sette igong med hamar og sag under ledelse av Torleiv Soltun. Her fekk me det akkurat etter okkås ynskje. Heilt topp. Men det kosta oss alle oppsparte midlar. Vel kr 300 000.- pluss at me fekk kr 75 000.- av Valle kommune. Men no har me det som i byen...